Trainee at Havila

Trainee at Havila

Vil du bli ein maritim leiar?

Frå hausten 2025 søker vi etter Maritime Trainee som skal jobbe i ulike selskap i Havilagruppa samtidig som dei følger Norges Rederiforbund sitt Maritime Trainee-program i 18 månader.

Gjennom programmet får du kombinere praktisk erfaring i Havila med eit akademisk program med fem modular i Norge, Singapore, København og London. I modulane får du maritim kunnskap på tvers av havnæringane, vi ser på teknologiutvikling og miljøperspektiv, leiarkompetanse og samfunnsansvar.

Programmet gir deg brei oversikt over maritim næring og nødvendig kompetanse og evne til å lukkast som leiar i framtida.

Kven ser vi etter?

  • Deg med stor vilje og potensial for vidare utvikling og som vil ha ein karriere innan maritim industri.
  • Deg som nyleg er ferdig med mastergrada eller som har inntil fem års arbeidserfaring i tillegg.
  • Deg med bakgrunn frå teknologi, økonomi, marine ingeniørfag, IT eller juss.
  • Deg som har stor interesse for berekraft, er sjølvdriven, har ein positiv tankegang, gode kommunikasjonsevner og identifiserer deg med Havilagruppa sin visjon og verdiar.

Vi vil også sjå etter:

  • Om du er analytisk og ein problemløysar
  • Om du har evne til å jobbe i team og samarbeide effektivt med menneske på alle nivå i organisasjonen
  • Om du har «do-er»-mentalitet og får jobben gjort
  • Om du liker å møte nye folk, nye arbeidsplassar og nye arbeidsoppgaver
  • Om du spreier arbeidsglede på arbeidsplassen

Du får:

  • Ei unik mulegheit for personleg og fagleg utvikling med både oversikt og innsikt i eit konsern med stor breidde.
  • Fast stilling hos oss frå første dag. Når Maritime Trainee programmet er avslutta, går du over i ei passande rolle i eit av selskapa våre.
  • Intern mentor som støttar deg undervegs i programmet
  • Erfaring frå ulike selskap og avdelingar som vil gi deg inngåande forståing av verksemd og drift.
  • Nettverk i maritim næring og hos profesjonelle og motiverte kollegaer innan ei rekke ulike fagfelt og bransjar i Havilagruppa.
  • Lære om leiarskap og organisasjon, om teknologi og økonomi.
  • Konkurransedyktige vilkår inkludert gode pensjonsordningar.
  • Vere ein del av eit selskap med lokal forankring og drift over heile verda.


Arbeidsstad: Hovudkontoret til Havila Holding i Fosnavåg næringspark.

Startdato: Hausten 2025 og etter nærare avtale.

Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV og søknad snarast og innan 01.10.2024. Attestar og vitnemål leggast ved søknad. Søknader vert vurdert fortløpande. All kontakt om stillinga vert behandla konfidensielt.

Kontaktperson:

Hallvard Pettersen, dagleg leiar Havila Service

Tlf +47 99 26 54 42

e-post: Hallvard.pettersen@havila.no

Havilagruppa

Havila Holding er eit familieeigd investeringsselskap og morselskap for ei rekke selskap innan ulike segment som shipping, reiseliv og energi. Selskapet har røter i det store sildefisket på 50-talet og solid maritim historie kombinert med mot og vilje til nysatsing og utvikling.

Vi har om lag 500 sjøfolk i dei to offshorerederia Havila Shipping og Havila Subsea & Renewables. Rederia har kontor i Fosnavåg og Ålesund og eig og driv 20 offshoreskip innan ei rekke ulike sektorar og med oppdrag over heile verda.

I tillegg eig og driv vi Havila Kystruten med over 500 tilsette og fire nye kystruteskip som går den tradisjonsrike hurtigruta mellom Bergen og Kirkenes. Desse skipa er ein spydspiss innan framtidas berekraftige reiseliv med mellom anna rekordstore batteri og LNG-drift. Innan reiseliv eig/driv vi dessutan fire hotell på Sunnmøre og er engasjerte i to hotell på Færøyane.

Havila Holding er også medeigar i Skansi Offshore og fiskeriselskapet Polarstjörnan på Færøyane og Smyril Line som driv passasjer- og godstrafikk mellom Island, Færøyane og Danmark.

Ei nysatsing i Havilagruppa er Havila Biogass som bygger biogassanlegg fleire stader i Norge og leverer hundre prosent grøn energi med null utslepp til industrien.

Meir om Havilagruppa finn du her: www.havila.no